Konsert ved fullmåne, Møsstrond Kyrkje

aadneogcarlpetter1LAURDAG 20. FEBRUAR KL 1900, MØSSTROND KYRKJE
Konsert med Carl Petter Opsahl, klarinett og Ådne Svalastog, orgel

Fullmåne er ei sterk naturoppleving som opnar sinnet for undring og mystikk.
Musikarane Carl Petter Opsahl og Ådne Svalastog har funne fram til slåttar og tonar inspirert av norsk natur og folkeleg tradisjon.
Med djup røynsle frå både improvisjon, kyrkje- og folkemusikk, leikar me fram lyriske og lune fullmånestemningar.

Det vert tent faklar frå Varland – Hovden for dei som ynskjer å gå på ski. Dette er fantastisk fin tur på ca 3 km. Det er satt opp skutertransport kl 1800 for dei som ynskjer det.
Bilettsal i Kyrkja 250,- pr.pers inkl skutertransport og parkering
(berre kontantar)

 Servering av varm drikke etter konserten. Vel møtt til ein triveleg kveld

Ådne Svalastog er ein telemarking som har endt opp som musikar i storbyen, nærare bestemt som kantor i Voksen kirke og som frilans musikar. Engasjementet spenner over alt frå folkemusikk til klassisk og improvisert musikk. Han har samarbeidd med fleire ulike forteljerar, songarar og musikarar, blant andre Sigmund Groven, Sondre Bratland og Henning Kraggerud.

Carl Petter Opsahl var med å starte Caledonia Jazzband i 1982. I 1992 var han med å starte Chateau Neuf Spelemannslag, og har spela på folkemusikkfestivalar rundt i USA og Europa. Han medverkar på ei lang rekkje plateinnspelingar, saman med blant andre Caledonia Jazzband, Chateau Neuf Spelemannslag, Tord Gustavsen og Anders Rogg, og eigne utgjvevingar.

%d bloggere liker dette: